Vanja V - Live i Kongshall

Vanja V inviterer til konsert i Kongshall 14. november! Saman med fullt band byr ho på ein kveld med eigen musikk – frå låtar som allereie er gitt ut til heilt nytt og uutgitt materiale. Silke, Millo og Nanna Sofie varmar opp før Vanja V og bandet går på scena. Det er eit avgrensa tal billettar til arrangementet, så det kan vere lurt å sikre seg billett tidleg. Det vert sal av drikke med og utan alkohol.

page view image
Arrangementsdato

lørdag 14 nov 2026 20:00

Slutter lørdag 14 nov 2026
BESTILL

Hvis du har en promo-kode legg den inn i boksen

Tilgjengelige varer

ticket item
Ordinær (18+)
Ordinær billett for alle over 18 år.
ticket item
Ungdom (15+)
Alle som fyller 15 år eller meir i 2026 (fødd 2011 eller før) kjem inn i lokalet så lenge dei er i følge av verge (med vergebillett).
ticket item
Verge (23+)
Eigen billett for deg som er verge for nokon mellom 15-18 år. Du må vere 23 år eller eldre for å kunne stilla som verge. Det er som hovudregel maks 2 mindreårige per verge.
event image

Arrangementsinformasjon

Vanja V er ein 26 år gammal artist frå Valestrand på Osterøy. I 2014 song ho seg heilt til Superfinalen i MGPjr med låta «Du Stod Der Og Lo». Etter dette stod musikkopplevingane i kø, og ho gav ut ein EP med EDM-musikk på norsk vestlandsdialekt som gav ho Ukas Urørt på NRK P3. Dette førte vidare til Slottsfjellfestivalen i Tønsberg og Rock Mot Rus på Andøya.

Så gjekk ferda vidare til eliteskulen LIMPI i Lillehammer, der ho jobba saman med produsentar og låtskrivarar frå heile verda. Då pandemien herja, var ho heldig og fekk reise til San Marino for å delta i semifinalen under Eurovision-utvelginga der. Ho har òg reist til Japan, Belgia og Nederland for å skriva musikk for seg sjølv og andre, saman med anerkjente produsentar frå heile verda.

Dei som såg den siste sesongen av The Voice på TV2, kunne sjå 3 av 4 mentorer trykka på den raude knappen då Vanja framførte sin versjon av Benson Boone sin «In The Stars».

14.november 2026 går ho på scena i Kongshall heime på Valestrand, saman med turnébandet sitt.


Bandet består av:

Thommas Schønberg - gitar

Tommy Alræk Halvorsen - trommer

Morten Kleveland - keyboards

Steinar Vatle - bass

Katrine Hauge Vatle - backingvokal


Support/oppvarming:

SILKE

 

MILLO


NANNA SOFIE

Restriksjoner

For å kunne delta på arrangementet uten verge, må den som skal bruke billetten være minimum 18 år gammel. For å kunne delta på arrangementet med verge, må den som skal bruke billetten være født seinest i 2011.
For å kunne delta på arrangementet som verge, må den som skal bruke billetten være minimum 23 år gammel.
Det kan maksimum være 2 mindreårige per verge.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikke.

Tags

musikk
music
osterøy
valestrand
vanja
konsert
concert
Organizer
Vatle Entertainment