Vanja V - Live i Kongshall
Vanja V inviterer til konsert i Kongshall 14. november! Saman med fullt band byr ho på ein kveld med eigen musikk – frå låtar som allereie er gitt ut til heilt nytt og uutgitt materiale. Silke, Millo og Nanna Sofie varmar opp før Vanja V og bandet går på scena.
Det er eit avgrensa tal billettar til arrangementet, så det kan vere lurt å sikre seg billett tidleg.
Det vert sal av drikke med og utan alkohol.
Vanja V er ein 26 år gammal artist frå Valestrand på Osterøy. I 2014 song ho seg heilt til Superfinalen i MGPjr med låta «Du Stod Der Og Lo». Etter dette stod musikkopplevingane i kø, og ho gav ut ein EP med EDM-musikk på norsk vestlandsdialekt som gav ho Ukas Urørt på NRK P3. Dette førte vidare til Slottsfjellfestivalen i Tønsberg og Rock Mot Rus på Andøya.
Så gjekk ferda vidare til eliteskulen LIMPI i Lillehammer, der ho jobba saman med produsentar og låtskrivarar frå heile verda. Då pandemien herja, var ho heldig og fekk reise til San Marino for å delta i semifinalen under Eurovision-utvelginga der. Ho har òg reist til Japan, Belgia og Nederland for å skriva musikk for seg sjølv og andre, saman med anerkjente produsentar frå heile verda.
Dei som såg den siste sesongen av The Voice på TV2, kunne sjå 3 av 4 mentorer trykka på den raude knappen då Vanja framførte sin versjon av Benson Boone sin «In The Stars».
14.november 2026 går ho på scena i Kongshall heime på Valestrand, saman med turnébandet sitt.
Bandet består av:
Thommas Schønberg - gitar
Tommy Alræk Halvorsen - trommer
Morten Kleveland - keyboards
Steinar Vatle - bass
Katrine Hauge Vatle - backingvokal
Support/oppvarming:
SILKE
MILLO
NANNA SOFIE
Restriktioner
For å kunne delta på arrangementet uten verge, må den som skal bruke billetten være minimum 18 år gammel. For å kunne delta på arrangementet med verge, må den som skal bruke billetten være født seinest i 2011.
For å kunne delta på arrangementet som verge, må den som skal bruke billetten være minimum 23 år gammel.
Det kan maksimum være 2 mindreårige per verge.
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billetter refunderes ikke.